Dette var havet.
Sjølve ålvoret,
veldigt og grått.
Men liksom hugen
i einslege stunder
brått opnar
glidande spegelsyn
mot gåtefulle djup –
soleis kan óg havet
ein blå morgontime
opna seg
mot himmel og einsemd.
Sjå, blenkjer havet,
eg har óg stjernor
og blåe djup.
PoemWiki 评分
暂无评论 写评论