Kvardag


Dei store stormane
har du attum deg.
Då spurde du ikkje
kvi du var til,
kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk,
du berre var i stormen,
var i elden.
Men det gjeng an å leva
i kvardagen og,
den stille grå dagen,
setja potetor, raka lauv
og bera ris,
det er so mangt å tenkja på her i verdi,
eit manneliv strekk ikkje til.
Etter strævet kan du steikja flesk
eg lesa kinesiske vers.
Gamle laertes skal klunger,
og grov um fikentrei,
eg let heltane slåst ved Troja.


作者
奥拉夫·H·豪格

报错/编辑
  1. 初次上传:传灯
添加诗作
其他版本
添加译本

PoemWiki 评分

暂无评分
轻点评分 ⇨
  1. 暂无评论    写评论